Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Steinsmia på Austrheim



Ved elva som skil gardane Hauge og Austrheim, finn vi ein særprega og sjeldsynt steinbygning. Huset står på bruk nr. 11 på garden Austrheim, og ligg nær Høgstevegen, som går mellom Sandane og Vereide. I første etasje i huset er det smie.

Bilete av smia teke mot nordvest. Inngangen til smia er på langveggen. Inngangen på gavlveggen går inn til eit lagerrom.

Bilete av smia teke mot nordvest. Inngangen til smia er på langveggen. Inngangen på gavlveggen går inn til eit lagerrom.

Eigar: Gloppen kommune.

Datering: 2000.

Fotograf: Arne Eikenes.

Bygd av stein frå Sandane

Smia vart bygd av Berge O. Austrheim i 1860-åra, etter at den gamle smia hans av tre hadde brunne. Ho er etter måten stor og mæler 8,4 m x 5,6 m.
På den tida smia vart bygd, åtte bruka på Austrheim ein del av det som i dag er Sandane sentrum. Byggesteinen til smia vart skoten ut ved det gamle handelslaget, der Gloppen musikkskule er plassert i dag. I dette området er fjellet lagdelt, og det vert dermed god murstein ved utsprenging. Steinen vart frakta frå Sandane til Austrheim med hest. Det er ikkje vanskeleg å tenkje seg at dette var tungt arbeid, og det er heller ikkje rart at det tok fleire år å byggje huset.

Byggemåte

Smia har hardtrampa jordgolv, ei løysing som var svært vanleg i smier. Veggene er lagde som vanleg tørrmur, der enkelte steinar står på høgkant. Sperrene ligg på to rader med bjelkar på langveggane. Ei utkraging markerer gavlkanten. Opphavleg var det skiferheller frå Sandane på heile taket. Hellene var festa med trenaglar. Då sperrene på 1950-talet tok til å bli dårlege, vart hellene tekne av, og sperrene skifta. På vestsida vart dei gamle hellene lagde på att. Trenaglane vart no bytte ut med spikrar. På austsida vart taket tekt med sementpanner.

Tjukke veggar med symmetriske gluggar

Ei tredør i vestveggen fører inn til sjølve smia. I døropningen er muren om lag 0,85 meter tjukk. Til høgre, rett inn for døra, er avlen plassert. Ein kan stå framfor avlen og dra belgen med stonga som er opphengd i taket. Skulle smeden ha sterkare lufttrekk, la han ein stein oppå belgen, slik at han gjekk fortare ned att. Lyset i rommet kjem inn gjennom to symmetrisk plasserte gluggar i nordveggen.

God avstand til dei andre husa

Smia vart nok plassert litt vekke frå dei andre husa på garden, som eit tryggleikstiltak, om det skulle oppstå brann. Og så var det sjølvsagt praktisk å ha lett tilgjenge til herdslevatn. Frå gammalt er denne smia kalla Hyola-smia, etter bruket.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Anonby, Signe: Steinsmia på Austrheim.
Bore, O.M.: Kulturminne i Masfjorden.
Tobiassen, A.H.: Smeden i eldre tid.
Borchrevink, A. B. Ø.: Etnologisk feltarbeid i Oppstryn sommeren 1974.
Oddrun og Bertel Austrheim, Gloppen.

PERMANENT IDENTIFIKATOR