Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 05. juni 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Dalsbøen



Stølen Dalsbøen, ca. 340 m o.h., ligg innanfor Traudalsvatnet. Innanfor vatnet ligg og Flætene, som var ein viktig beite- og mjølkeplass. Dalsbøen og Ryggjastøylen høyrer til gardane Rygg og Grov. Stølsdrifta slutta litt etter litt og kring 1957 var der ingen att. På Dalsbøen finn vi 12 sel og fem fjøs. Dalsbøen er no meir brukt om sommaren enn fremste stølen, Ryggjastøylen.

Flætene med Dalsbøen bak.

Flætene med Dalsbøen bak.

Eigar: Torgny Ueland.

Datering: 1997.

Fotograf: Torgny Ueland.

Tilkomst

Frå Ryggjastøylen inn til Dalsbøener det om lag 0,5 km rås til Traudalsvatnet, 2,5 - 3 km rås langs vatnet. Eller ein kan ro med båt over vatnet. No har det og kome skogsbilveg med parkeringsplass nær stølen. Fleire merka turløyper har utgangspunkt herfrå.

Bruk av stølen

Dei eldste sela i Dalen var svært primitive. Ein firkant av tømra veggar med steinheller til golv og open grue med ljore så røyken gjekk ut. Døra var så låg med ei gått så høg at ein måtte noko midt i mellom gå og krype ut og inn. Det er fortalt at det var bjørn som gjorde det naudsynt med så låge dører. Fjøsdørene var òg på same måten. Meir om bruken av stølen, sjå artikkel om Ryggjastøylen.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 3, side 100, 109. Sandane 1988.
Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999.
Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997.
Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997.
Sundt, Helge Arnljot: Hovudoppgave i geografi: Stølstun i Gloppen. 1941. Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940.
Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.

PERMANENT IDENTIFIKATOR