Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 23. oktober 2007

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Kva åt folk med i Nordfjord før 1900?



Pizza er ikkje gamal mattradisjon frå Nordfjord, sjølv om den i 2007 visst nok er noko av det vanlegaste vi et. Men måten vi ofte et ein «grandiosa» på går faktisk rett inn i gamal tradisjon. Det er nemleg ikkje noko nytt å ete med fingrane eller frå same fat.

Interiør frå Moritsstova, gnr 12 Rygg i Gloppen, no på Nordfjord Folkemuseum. Her har vi dekt på bordet med tretallerkar og skeier slik det kanskje vart gjort til høgtid og fest. Skei var helst til graut og velling. Fatet midt på bordet er til komparar. Komparar åt dei gjerne med kniv og fingrar.

Interiør frå Moritsstova, gnr 12 Rygg i Gloppen, no på Nordfjord Folkemuseum. Her har vi dekt på bordet med tretallerkar og skeier slik det kanskje vart gjort til høgtid og fest. Skei var helst til graut og velling. Fatet midt på bordet er til komparar. Komparar åt dei gjerne med kniv og fingrar.

Eigar: Nordfjord Folkemuseum

Datering: 2007

Fotograf: Nordfjord Folkemuseum

Å ete frå same fat

Heilt opp til tidleg på 1900-talet er det fortalt frå Sogn og Fjordane at alle åt graut av eit felles fat som stod midt på bordet. Graut og velling var det vanleg å ete med kvar si skei frå same kjørel eller rett frå gryta. Dette kan høyrast ekkelt ut for oss som lever i 2007, men folk hadde tydelegvis reglar for korleis dette skulle gå føre seg. I «Vår gamle bondekultur» (s.76f) kan du lese at dei «slapp ikkje kven som helst bort i gryta» med skeia. Det var berre husets folk, og «so einkvar som som dei trudde sers godt, at han var rein, og for viseleg og ikkje slufsa ned i maten». Grensa mellom god og dårleg bordskikk var annleis då enn no, men ei grense var det.

Tallerk var berre til fint

Tallerkar vart rett og slett ikkje brukt til kvardags på bygdene i eldre tid. Maten vart gjerne lagt på flatbrød eller rett på bordet eller laga til slik at ein åt rett frå fata. Til dømes åt ein fisk i «mjukebrød» i Gloppen. Fisk og poteter vart lagt på mjukebrødet og så tulla dei det saman til ein tut og åt. Då trong dei ikkje tallerk. I store lag hadde dei flate, runde tretallerkar (borddisker, borrisker, trebøskar). Tallerkar av keramikk kom tidlegare i bruk langs kysten enn innover i landet, ved sidan av tretallerkane. I «Vår gamle kystkultur» står det at leirtøy har vore eit markert innslag i kystkulturen. Det var knusbare ting som let seg frakte i båt, men ikkje på veg.

Kniv og skei, men ikkje gaffel

Skei og kniv har vore brukt til å ete med i uminnelege tider. Dei gamle tørka av skeia på olbogen og sette skeia opp i ei sprunge i veggen der ho stod til neste måltid, vert det fortalt frå tidleg 1900-talet. Skeia var tydelegvis personleg eigedom, og fleire av skeiene på Nordfjord Folkemuseum er då også merkte med initialar. Folk hadde med seg sin private kniv til måltidet. Kvar mann bar med seg sin kniv i slira og brukte den under måltidet. Oppvasken kan ikkje ha vore påtrengjande stor. Seinare kunne folk ha særskilde foldeknivar, «jungar», som dei tok med seg til gjestebod. Kvinnfolka kunne ha eigne knivar eller dei lånte av mennene. Gaflar, derimot, var ukjent på bygdene lenge. Gaffel vart ikkje vanleg før ut på 1900-talet, sjølv om den var i bruk hos velståande borgarskap i byrjinga av 1700-talet.

Å ete julaftsteikja med hendene

I Marie Ryssdal sin artikkel «Om mat og matskikkar i Nordfjord» les vi at at når ribba eller pinnekjøtet skulle etast på julaftan, vart det dekka med trebøskar (tretallerkar) og kniv. So heldt ein ribba i handa, skar av ho med kniven som var godt kvest på førehand, og plukka maten inn i munnen med fingrane. Denne skildringa er frå rundt 1900, og det høyrest ut til at bordknivar var ein del av oppdekkinga her. Bordknivar slik vi har i dag, liggjande på bordet og ikkje brakt med av folk sjølve, kom seint i vanleg bruk på bygdene.

Skeia

Alle hadde si eiga skei; hornskei eller treskei og ordna nok med reinhaldet sjølve. Skeiene vart truleg ikkje vaska, men avtørka og sett eller lagde på ein fast plass. Rundt 1900-talet kom dei billige metallskeiene i bruk. Når skeia gjekk over frå å vere ein personel eignelut til å verte ein del av huset si oppdekking, er ikkje artikkelskrivaren sikker på. Det var truleg noko inn på 1900-talet.

Forskjell på folk

Det du les om her er kva som var vanleg for folk flest på bygda i Nordfjord før 1900. I Nordfjord var det ikkje store byar og difor heller ikkje eit borgarskap på same måten som til dømes i Bergen og Trondheim. Likevel har det sjølvsagt vore forskjell på folk, og det har funnest embetsmenn som prest, lensmann og lege. Embetsmennene hadde gjerne med seg andre skikkar frå byane og hadde mogelegheit til å skaffe seg andre typar ting til matbordet

kjelder:

Havro, Olav og Systad, Gunnhild red. 1986 Sogn og Fjordane i nær fortid,Det Norske Samlaget, Oslo.
Molaug, Svein 1985 Vår gamle kystkultur, Dreyers Forlag A/S, Østerås.
Ryssdal, Marie 1987 Om mat og matskikkar i Nordfjord I Årbok for Nordfjord 1987, Nordfjord Sogelag, Firda Ungdomslag, Nordfjord Folkemuseum, Sandane.
Visted, Kristofer og Stigum, Hilmar 1975 Vår gamle bondekultur Bind 2, J.W.Cappelens Forlag, Oslo.

PERMANENT IDENTIFIKATOR