Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Otterhjell i Fresvik



Garden Otterhjell i Fresvik har mange gamle bygningar, og på garden er det ei stor samling av gamalt verktøy og gamle reiskapar. Dei gamle tinga er avfotograferte og registrerte.

Flyfoto av Otterhjell frå 1988. Til venstre husa på bruk 2. Vi ser nyesmie, eldhus, smie, bustadhus og uthus. Til høgre bruk 1 med bustadhus, eldhus og smie, lenger oppe i bakken ein sommarfjøs.

Flyfoto av Otterhjell frå 1988. Til venstre husa på bruk 2. Vi ser nyesmie, eldhus, smie, bustadhus og uthus. Til høgre bruk 1 med bustadhus, eldhus og smie, lenger oppe i bakken ein sommarfjøs.

Eigar: Olav Otterhjell.

Datering: 1988.

Fotograf: Ukjend.

Ligg avsides

Otterhjell er ei lita avsidesliggjande grend i Otterhjellsdalen, 5 km frå kaien i Fresvik. Der var ei tid tre bruk, i 1999 er det berre eitt bruk som vert drive. Her var og fleire husmannsplassar, men husa er borte og tuftene er for det meste oppdyrka.

Gamle bygningar

Av hus som står att, kan nemnast lauvsvåler til å ha heimelauvet i, tre utløer, utedo, tømra eldhus og smie som er bygde saman, og eit tømra stabbur. Der er to sommarfjøsar, den eine står i utmarka og er frå den tida kyrne gjekk på beite der. Den andre fjøsen vart sett opp etter at kyrne kom på kulturbeite. Ved elva står eit restaurert kvernhus. Der er og slipestein, som har kallen i same vassloket som kvernkallen. Sagbruket vart mykje nytta til produksjon av fruktkassar. I tillegg finst det på garden verkstad og garasje. Borte er turka og eit lite uthus oppe i lia som ein hadde killingane inn i når ein sleppte dei ut om våren.

Systrondsheller

Den gamle fjøsen, løa og kornbrotet er tømra, og tømmeret har vore nytta i andre bygningar tidlegare. Det vart nytta Systrondsheller på taka, det er tjukke steinheller som kunne vera opptil ein par kvadratmeter store. Peder P. Otterhjell (1844-1928) reiste med hest over til Leikanger. Han frakta hellene frå Halland ned til sjøen og rodde dei over til Fresvik. Til Otterhjell vart så hellene køyrde på snøføre. Det vart mange timar med arbeid og mange tonn å frakta for å få tak på uthuset.

Reiskapar

I desse gamle husa er det samla ca. 3000 bruksting, reiskapar og verktøy. Fylkesarkivet har fotografert desse, og dei er registrerte med opplysningar om kvar gjenstand. Det er og gjort nokre video-opptak som viser gjenstandane i bruk. På videoane vert det og fortalt om bruken. På Otterhjell er det både gamle hus og gamle reiskapar, dei utfyller kvarandre. Reiskapane og brukstinga er plasserte der dei høyrer heime.

Storarbeid av Olav Otterhjell

Det er Olav Otterhjell, f. 1919, som har teke vare på både bygningane og tinga. Han har registrert dei, skrive 1300 sider om tinga og arbeidet, og vist dei i bruk. Olav har og skore ut i tre dei fleste ville dyr som har vore kring Otterhjell, bl.a. ekorn, ørn, hjort, rein, jerv, ulv, bjørn og fleire. Dyra er plasserte rundt i kulturlandskapet, eit stykke unna husa.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Otterhjell, Olav: Husi på Otterhjell. I Pridlao, nr 3, 1997, side 48-50. Vik Lokalhistoriske Arkiv, Vik i Sogn.
Munnleg informasjon frå:
Olav Otterhjell, f. 1919, Vik i Sogn.

PERMANENT IDENTIFIKATOR