Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 05. juni 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Mjelleimsstøylen



Mjelleimsstøylen (Fjellstølen) ligg i Nobbedalen bakom Mjelleimsegga i ei høgd på ca. 555 m o.h. Den var sommarstøl for Mjelleim, gnr. 20, i Gloppen. Dei to eldre sela på stølen er frå 1830 åra. Dei andre husa er fornya i 1930 åra.

Mjellemstølen med 2 eldre sel, avkorta fjøs, sel/fjøs bak. Stølsvatnet i bakgrunnen.

Mjellemstølen med 2 eldre sel, avkorta fjøs, sel/fjøs bak. Stølsvatnet i bakgrunnen.

Eigar: Anne Marie Mjellem.

Datering: 1997.

Fotograf: Anne Marie Mjellem.

Tilkomst

Stølsråsa er godt opprydda, delvis steinlagd og med trapper. Den går frå tunet, over Mjelleimsegga og noko nedover på andre sida. Råsa vart og brukt til å kløvja heim surmjølka og rømmen.

Bruk av stølen

Anne Marie Mjellem fortel m. a:
"Det er sikkert at stølen har vore i bruk i fleire hundre år, truleg frå der var busetjing på Mjellem. I gamle dagar nytta dei fullt ut alle beitemarker både heime i skogmarka og på fjellet. Frå fyrst av var alle husa av tømmer. Fjøset hadde ein både til naut og geit, der geitene med kje gjekk lause. Sauene låg ute ovanfor husa.
Frå fyrst av var der røykomn murt av gråstein i selet. Den vart skifta ut med malmomn kring 1880. Før var det truleg ikkje glas i veggen. Midt i takmønet var ein ljoresjå med råme trekt med tynt skinn av kumage. Fyrst i 1890 åra vart skinnet bytta ut med glas, men ljoren vart verande til det kom nytt tak kring 1930.
Langs eine veggen stod mjølkebenken. Der var askane og troga oppstapla i 4 lad. Etter at separatoren kom kring 1910 vart askane og troga slengde oppå fjøslemmen, likeeins mjølkebenken og den gamle stampekinna. Nedanfor stølstunet ligg ei nokså stor flat slåttekvie".

Driftsmåten på stølen var vanleg med at stølsjentene gjekk opp og mjølka mot kvelden og stelte mjølk og dyr. Så overnatta dei, mjølka og stelte om morgonen før dei for heim og hjelpte til på garden. Dei flytta til Fjellstølen i slutten av juli og heimover att i midten av september. Etter 1950 vart ikkje stølskvia slått og vanleg stølsdrift vart slutt i 1966.

Skitnestøylen var vår og hauststøl for Mjellem. Den låg i skogen i ei høgd på ca. 320 m o.h. og ca 2,8 km aust for tunet. Her var nokså flatt og lett å gå. Her var 2 sel og 2 fjøs med ei stor slåttekvie innegjerda med vandegard(risgard) og faste trehesjer.
I 1892 vart alle husa på stølen sopt vekk av ei stor snøskrede, ei mjellfonn. Vinden var så sterk at deler av husa vart slengde over 100 m nedover. Stølen låg då øyde til kring århundreskiftet (1900). Eit bruk bygde opp sel og fjøs på den gamle tomta. Det andre bruket flytta lenger vest for å vere sikker for fonnskrede.
Her i skogen vart hjorten ofte nærgåande i mørke haustkveldar. Jentene kunne verte skremde og likte då best å ligge i same selet. Stølsdrifta på Skitnestøylen tok slutt i 1953. Etter siste utmarksutskiftinga vart stølen lagt til eige på det eine bruket.

Nokre fakta

Mjelleim, gard nr. 20, Hyen sokn, hadde 4 bruk i 1890. Folketalet på garden var 34 i 1865, medan berre 21 personar vart registrerte i 1900.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 3, side 228. Sandane 1988.
Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999.
Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997.
Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997.
Sundt, Helge Arnljot: Hovudoppgave i geografi: Stølstun i Gloppen. 1941. Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940.
Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.

PERMANENT IDENTIFIKATOR