Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 14. november 2008

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Krossforma stein på Kyrkjebø



I våpenhuset på Kyrkjebø kyrkje har dei festa ein krossforma på den eine veggen. Steinen har ei spesiell historie. Saman med ein liknande stein stod han i si tid ute på kyrkjegarden. I slutten av 1950-åra blei begge steinane køyrde bort saman med utrangerte gravminne og dumpa i ei røys nede ved sjøen. Seinare vart ein av dei funnen att og berga.

Steinkross frå mellomalderen i våpenhuset til Kyrkjebø kyrkje.

Steinkross frå mellomalderen i våpenhuset til Kyrkjebø kyrkje.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2008

Fotograf: Hermund Kleppa

Kyrkjebø-steinen 

Største høgda på steinen er 77 cm høg. Nedste delen av foten er skrått avslegen. Armane og toppstykket dannar ein tilnærma symmetrisk kross, og skrånar noko inn mot sentrum. Tverrsidene på armstykka er 20-21 cm.

Frå Hyllestad? 

Steinen er gråblå og har heilt tydeleg "knudret" overflate. Me har ikkje nokon geolog-uttale om bergarten, men han stemmer godt overeins med ei steinplate på kyrkjegarden i Ortnevik. Fylkesgeolog Bjørn Falck-Russenes skreiv følgjande om Ortnevik-steinen på grunnlag av eit tilsendt fotografi: ".. ein grovkorna kyanittførande granatglimmerskifer. Utsjånad og mineralinnhald er av ein slik karakter at det er god grunn til å tru at steinen har sitt opphav i Hyllestad."

I ei steinrøys 

Johs B. Thue skreiv i avisa Ytre Sogn (ca. 1995) om korleis det bar til at dei to krossforma steinane på Kyrkjebø enda opp i ei steinrøys nede ved sjøen. Han hadde Hjørdis Frivik frå Kyrkjebø som kjelde. Det var i slutten av 1950-åra at folk frå kommunen rydda på kyrkjegarden. Dei køyrde bort ein del utrangerte gravminne, og i farten kom dei òg til å ta med seg dei to steinkrossane.

Edvard Kyrkjebø - bergingsmann 

- Eg hugsar godt at krossane blei fjerna, fortalde Hjørdis Frivik. Ein av gutungane i huset la ei tid etter merke til den eine krossen, og kom springande heim og fortalde om det. Så fekk Edvard Kyrkjebø greie på kva som hadde skjedd, og han var ikkje sein om å henta hest og kjerre for å få steinen frakta opp att til kyrkja. Steinen var uskadd bortsett frå at noko av fotstykket var avslege.

Andre krossforma steinar 

Det finst fleire krossforma steinar frå mellomalderen rundt om i Sogn og Fjordane. Dei fell inn i to kategoriar: a) høge steinar (til dømes dei to steinane i Eivindvik), b) låge steinar (til dømes på kyrkjegarden ved Guddal kyrkje i Fjaler.) Mange ser ut til å vera laga av same slaget bergart, den spesielle kyanittførande glimmerskiferen i Hyllestad.


 

kjelder:

Avisa Ytre Sogn, 1995

PERMANENT IDENTIFIKATOR