Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 09. juli 2008

Sist oppdatert 18. januar 2019

Kategori

Med Kongsberg-knekk i Ormhaugbakken



- Det var vel helst den stilen som blei kalla Kongsberg-knekk det gjekk på, fortalde Gunnar Jan Gjerland då han i 2008 var med og synte kvar haukedølene hoppa på ski i mange år. Veteranen Jon Roald Frøysland var og med.

Utsyn mot den langstrakte Ormhaugbakken, det snauhogde feltet rett ovanom gardstunet hjå Gunnar Jan Gjerland. Hoppbakken var om lag midt på.

Utsyn mot den langstrakte Ormhaugbakken, det snauhogde feltet rett ovanom gardstunet hjå Gunnar Jan Gjerland. Hoppbakken var om lag midt på.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2008

Fotograf: Hermund Kleppa

Ormhaugbakken

Ormhaugbakken er namnet på ein langstrakt eit lite stykke oppom gardstunet til Gunnar Jan Gjerland. Midt på, i øvre kanten, flatar det ut som på ein terrasse før terrenget igjen går brattare oppover. Frå botn av bakken flatar terrenget ut nedover mot innmarka.

Det var her Haukedalen idrettslag tok til med skihopping på 1930-talet, og dreiv på til inn på 1960-talet. Då det var slutt, grodde det snart til med skog. I 2005 rydda dei heile bakken, slik at det i 2008 var lett å sjå der hopparane sette utfor og tok nedslag.

Spor i terrenget

Hoppet gjekk ut frå ein låg avsats litt inne på bakkekammen. Dei bygde først eit stillas som danna sjølve hoppet, men gjekk seinare over til å byggja hopp av snø. Nede i botn av bakken grov dei ut ein del for å få ein mjukare overgang frå unnarennet til "sletta". I 2008 kjem dette utgrevne partiet fram som eit søkk i terrenget. Det er i dag det einaste synlege sporet etter den gamle hoppbakken.

Bakkerekord 48-49 meter

Hoppanlegget i Ormhaugbakken var nesten heilt og fullt tilpassa det naturlege terrenget, med tilløp, unnarenn, nedslagsfelt og slette. Hopparane måtte ganske langt opp for å få god nok fart til å koma over kulen. Og kom dei ikkje over kulen, var det hardt nok, både å landa og å halda seg på føtene. Og motsett, dersom dei kom for høgt og for langt ut frå hoppet, kunne hopparen lett å hamna heilt nede "i hola". Frøysland meinte at bakkerekorden var noko over 40 meter. Gjerland strekte seg litt lenger, til 48-49 meter.

Hoppski

Dei hoppa på hoppski av typen Splitkein med tre spor og smurde med spesialsmurning. Splitkein var namnet på nymotens ski laga av laminat av ulike treslag for å få mjukare, lettare og sterkare materiale. Det hende og at hoppskia vart brukt som terrengski. Gjerland fortalde at ein gong gjekk ein mann på hoppski over fjellovergangen Skryklingen for å delta i hopprenn i Jølster.

Dokumentasjon i lagsprotokoll

Haukedølene skipa idrettslag i 1938. Dei ordna seg med sekretær som førde bok om lagsaktiviteten. I ettertid er denne boka ei framifrå kjelde til kunnskap om vinteridretten i Haukedalen frå 1938 og fleire tiår framover. Det står referat frå styremøte og årsmøte, om langrenn og hopprenn - og, det står også noko om Ormhaugbakken. Her skal me berre sjå etter i noteringane dei tre-fire første åra.

Hopprenn 1938

Idrettslaget heldt sitt første lagsrenn 13. og 14. april 1938. Det ser ut til å ha vore lagsmeisterskapen 1938. Langrennet gjekk på Grøneng, hopprennet "på Gjerland". Om kvelden Skjærtorsdag var det fest med premieutdeling i "forsamlingshuset". Vinnar i klasse A var Karl Grøneng, med hopp på 22,5 og 22 meter.

Det blei gjort stor stas på premievinnarane. Dei blei borne på gullstol og "vel fagnad med handklapp og jubel i festsalen."

Om hoppbakken på årsmøtet 1939

På årsmøtet 21. januar 1939 drøfta dei kva som "skulde gjerast med hoppbakken". Det går tydeleg fram mellom linene at spørsmålet om hoppbakken ikkje er av ny dato. Hermann Ness føreslo å setja bakken i stand "i vinter" slik det hadde vore gjort "åri fyrr". Han ville venta med ei større "umvøling" til sommaren, og då få ein "ingeniør på plass og få bakken oppstikka". Og slik blei det.

Fleire utbetringar

Referatboka inneheld ikkje utførlege noteringar om kva tid dei gjekk i gang med den store "umvøla". Av referatet frå årsmøtet i 1941, 12. januar 1941, går det fram at bakken då var utbetra. Den nyvalde formannen Karl Grøneng, takka den avtroppande, Georg Gjerland, særskilt for at idrettslaget "hadde fått sig ein hoppbakke."
Leif Gjerland vann hopprennet 30. mars same året med eit lengstehopp på 36 m.

Det kan sjå ut som at bakken også vart utbetra i 1943. I formannen sitt "yversyn yver året som gjekk" nemnde han "serleg" hoppbakken "som var prosjektert og utarbeidt av ing. Olsen".

Hopprenn 1944

Søndag 21. mars 1944 var det stor skidag i Haukedalen med mange tilreisande. Hopprennet vart ikkje heilt vellukka. "Bakken var mykje for mjuk etter solsteiken", står det i referatboka. "Fallprosenten var stor av di ein slo gjennom i nedslaget". Det var mange hopparar frå Førde. "Niåringen Skilbrei", imponerte mest. "Ikkje snakk um fall hjå han", sluttar noteringane.

kjelder:

Norsk Allkunnebok, bind 10, 1964.
Munnleg informasjon frå:
Jon Roald Frøysland, Haukedalen
Gunnar Jan Gjerland, Haukedalen
Haukedalen idrettslag, referatbok.