Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 28. februar 2011

Sist oppdatert 25. februar 2021

Kategori

Rå-data

Kyrkjegarden på Kråkenes



Turen Raudeberg – Kråkenes fyr har fleire interessante reisemål på vegen ut. I området like før fyret finn vi eit kvernhusanlegg, landingsstad med naust, hamneanlegget til fyret og gravstaden til Kråkenesbygda. Folket her ute fekk sin eigen gravstad i 1933.

<p>Gravstaden p&aring; Kr&aring;kenes sett fr&aring; nordaust, ikkje langt fr&aring; landingsstaden til Kr&aring;kenesfolket, eller Keila som i eldre tider vart brukt om landingsstaden.</p>

Gravstaden på Kråkenes sett frå nordaust, ikkje langt frå landingsstaden til Kråkenesfolket, eller Keila som i eldre tider vart brukt om landingsstaden.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2010

Fotograf: Hermund Kleppa

Vindskeive tre

Gravstaden ligg tett attmed sidevegen ned til landingsstaden og nausta. Eit kvitmåla klokketårn viser veg. Kyrkjegarden er innhegna med nettinggjerde og omkransa med bartre. Dei er skeive og ber på sin måte bod om verhardt strok. Om sommaren beiter sauer på utsida.

Eldre og yngre graver

Ein grasgrodd veg med grusdekte spor leier fram til kyrkjegardsporten. Gravene ligg orientert aust-vest i samsvar med eldgammal gravskikk. Den kristne oppfatninga var at på dagen for Kristi gjenkomst skulle Jesus Kristus koma til syne i aust og dei døde skulle stå opp med andletet vendt mot Han.

Datoar og årstal går over fleire tiår, frå no og tilbake til mellomkrigstida. Mange av dei gravlagde har etternamnet Kråkenes. Ein gravstein står til minne om ein mann som ikkje fekk si grav her. Sjøkaptein Edvard Erichsen, fødd 1891, på Kråkenes, døydde i Sør-Atlanteren i 1953 og vart senka i havet.

Astrid Kråkenes, fødd 27. mai 1908 døydde 29. november 1985. Innskrifta på steinen på grava hennar fortel at ho var misjonær. 

Kyrkjegarden på Kråkenes vart vigsla søndag 16. juli 1933 med mykje folk tilstades. Folk kom i motorbåtar frå Drage og Fure på Stadlandet, frå Måløy og Raudeberg, og i robåtar frå Refvik. Dessutan kom fleire landevegen frå Kvalheim. Folket samlast i skulehuset og gjekk derifrå i prosesjon med to prestar i spissen ned til kyrkjegarden.

Pastor Nybø heldt tale over dagens tekst: ”Sjå, Guds lam, som ber bort synda i verda” Deretter heldt prost Nybø vigsletale ut frå bibelordet i Salmane 86.6:  "Sæle er dei som har sin styrke i deg, dei som lengtar etter å fara opp til templet."

Den første grava

Gravstaden var alt teken i bruk då kyrkjegarden vart vigsla. Oline M. Kråkenes var gravlagd kort tid før, utan at det var prest tilstades. Det vart no halde jordpåkasting på den første grava på den nye kyrkjegarden.

Matøkt og ”opbyggelse”

Etter vigslehøgtida gjekk folket til skulehuset der det var sytt for matservering.. Etter matøkta heldt lærar og kyrkjesongar Fagerlid ”opbyggelse”, det vil seia møte med song og tale ut frå eit bibelord.
 

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fjordenes Tidende 20.07.1933.

PERMANENT IDENTIFIKATOR