Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 25. mars 2003

Sist oppdatert 19. mars 2019

Kategori

Kommune

Språk

Bernhard Færøyvik - nybrotsmann i båthistorie



Bernhard Færøyvik frå Solund var ein av våre fremste båthistorikarar. Han var både føregangsmann og rettleiar når det gjaldt å teikne ned og synleggjere den eldste båtkulturen og sjøbruket i kystbygdene.

Garden Færøyvik slik der såg ut fram til våningshuset brann ned julaftan 1955.

Garden Færøyvik slik der såg ut fram til våningshuset brann ned julaftan 1955.

Eigar: Fylkesarkivet, SFFf-89062.0003.

Datering: Ca. 1915.

Fotograf: Herman O. Færøvik.

Rik erfaringsbakgrunn

Bernhard Andreas Færøyvik (1886-1950) voks opp på garden Færøyvik i Nord-Solund. Barndomsheimen baud på allsidig aktivitet på land og i båtane for dei åtte borna. Endå garden var av dei største i Solund, var fisket hovudnæringa. Bernhard hadde jamvel delteke i storsildfisket då han tok artium på Hambro skole i Bergen 1909.

Faren tykte realfagstudiet vart for dyrt, og Bernhard gjekk over på eitt-årig lærarskule i Volda. Etterpå vart han lærar i den høgre allmennskulen, først i Volda, så i Bergen. Men han gjekk også krigsskulen lægre avdeling, stod nøytralitetsvakt under begge verdskrigane, sat ei tid krigsfange under andre verdskrigen og vart kommandant på Fjell festning under frigjeringsdagane 1945.

Fann si livsoppgåve

I Færøyvik si ungdomstid hadde motoralderen slege igjennom blant fiskarane, og båtar bygde for årar og segl vart borte. Han såg at det hasta med å teikne ned minna etter kystkulturen, og det å granske den norske båt- og sjøbrukskulturen vart ei livsoppgåve for han. Han talte sterkt for at musea måtte ta hand om bygdefarkostar og sjøbruksminne. Sjølv tok han i veg med oppmåling og konstruksjonsteikning av gamle båtar, jekter og reiskapar til båtbygging.

Mange vitskapsfolk vart fanga av ideane hans og støtta han på ulik vis. Frå 1925 fekk han årleg ymse stipend frå forskings- og vitskapsinstitusjonar, og seinare løyving frå Stortinget slik at han kunne ta seg meir fri frå skulen og drive granskingsarbeid.

Verdfulle museumstilskot

I 1947 vart Færøyvik konservator ved Norske Museers Landsforbund, avdeling sjøbruk. Ved sida av granskingsarbeidet var han òg rådgjevar for mange museum i spørsmål om innsamling av sjøbruksminne og hjelpte til med å skipe det som i dag heiter Hordamuseet. Han hadde også nært samarbeid med Norsk Folkemuseum på Bygdøy og dit sende han båtar av alle slag han kom over på ferdene sine. Dei vart seinare overtekne av Norsk Sjøfartsmuseum, der fleire står utstilte. Modellar etter oppteikningane kom etter kvart til å finnast i fleire museum kring i landet. Mellom anna har Bergen Sjøfartsmuseum ei fin samling modellar av båtar og jekter på kysten frå Bergen til Nordland.

Omfattande tilfang til båthistoria

Færøyvik studerte også båttypar i Sverige, Finland og på Vesterhavsøyane. I 1950 var han på ei granskingsferd til Shetland. Same året vart han brått riven bort frå arbeidet han stod midt oppe i. Han etterlet seg litt av eit tilfang om norsk fartysoge. Tre avhandlingar tenkte til eit større verk, låg uprenta. Ikkje mindre enn 56 notatbøker fulle av skisser og oppteikningar av båtar, 350 teikningar av store og små farty, over 1000 bilete berre for å nemne litt av materialet. Kona hans, Aletta, som òg var lærar, var ein trugen medarbeidar i granskingsarbeidet. Ho tok seg av den omfattande samlinga han etterlet seg, ordna og la til rette i "Bernhard Færøyviks samlingar".

Formidla kunnskapen til andre

Fiskarar og sogeskrivarar på vestlandskysten har henta mykje kunnskap or den første "Fiskarsoga for Sogn og Fjordane 1939". Færøyvik redigerte denne boka og skreiv sjølv bolken om båtane dei brukte i fisket. I aviser og tidsskrift kunne folk gle seg over ein omfattande produksjon av utgreiingar og artiklar om ulike båtar langs heile kysten, inngåande fagarbeid som spenner frå norrøn tid og fram til motoralderen. Det er med grunnlag i dette materialet at sonen, Øystein Færøyvik - etter at Bernhard var borte - skreiv boka "Vestlandsbåtar. Frå oselvar til sunnmørsåttring" som er femte bandet i bokverket Norske båtar.

kjelder:

Færøyvik, Øystein:Vestlandsbåtar. Frå oselvar til sunnmørsåttring. Norske båtar, bind V.