Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 06. juni 2000

Sist oppdatert 22. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Straumsbotnen



Straume, gard nr 28, har to stølar: Straumsbotnen, som ligg inst ved Skilbreidvatnet ca. 175 m o.h, og Skilbreia, som ligg lenger framme på sørsida av vatnet. Det er store flate grasmarker opp for vatnet på begge stølane, delvis oppdyrka. Tidlegare var det slått på begge stadane, no beite. I Straumsbotnen var tidlegare sel, kyrafjøs og geitefjøs. No står det store selet att. Sjå eigen artikkel om Skilbreia.

Straumsbotn bak med sel til venstre, så kyrafjøs og geitafjøs. I båten, sogemannen Jacob Aaland t.v., lektor Simon O. Hope i midten. Mannen til høgre er ukjend.

Straumsbotn bak med sel til venstre, så kyrafjøs og geitafjøs. I båten, sogemannen Jacob Aaland t.v., lektor Simon O. Hope i midten. Mannen til høgre er ukjend.

Eigar: Bygdeboknemnda i Gloppen.

Datering: ca. 1910.

Fotograf: Ukjend.

Tilkomst

Frå riksvegen er det ca 2,5 km rotur til Straumsbotnen. Alternativ er å gå over fjellet via Heistøylen (Hope). Dette er den vanlege vegen å drive dyra til og frå stølen.

Bruk av stølen

Etter bygdeboka beitte dei kyrne i Holmen om våren. Dei hadde ikkje gardfjøs, men mjølka heime. Dei hadde kyrene også ute "i Svorene" (i Sjøstranda) i tre veker. Der låg kyrne ute, men i Svarsåta står framleis ein mura steinbås der kyrne vart mjølka.

Stølstida var frå jonsok til først i september og dei dreiv med både kyr og geit. Om sommaren var dyra i Straumsbotnen. Der var to stølsjenter og ein gjetlegut fram til førstninga av 1920-åra. Den andre jenta var frå Kvia. Ho stelte og eit par kyr for Vikane, då denne plassen kom til.
Der er lang veg til Botnen, så stølsjentene var der heile tida. Kvar fredag var "reiedag". Det gjekk på omgang mellom Straume, Kvia og seinare Vika. Ein mann køyrde til vatnet og vart henta av stølsjentene i båt. Han hadde då med seg mat for ei veke for dei som var på stølen. Heimatt fekk han med seg skjør og rømme.

På Skilbreia støla dei ut på hausten. Her er stor og god grasmark og høyet vart slått og lagra på fjøslemmen og i ein geitafjøs som stod til ut i 1930-åra. Dei slo og i Straumsbotnen. Graset rodde dei fram til Skilbreia og hesja det der. Det vart så køyrt heim på vinterføre.

Ida Hjorteset, 76 år, fortel at det var triveleg på stølen, men i sturtregn og med "flogstore" elvar kunne det vere farleg for dyra å kome fram. Det vart fiska ein del til husbruk gjennom sommaren. Når dei skulle flytta frå stølen om hausten, var det vanleg at dei kasta med not i vatnet slik at dei fekk med seg rikeleg med fisk heim.
Ho fortel og det var ikkje fritt for underjordiske i desse ville områda. Stølsjentene var ikkje plaga av huldra om sommaren. Men han Brynjele i Hope som hadde kol- og tjøremile i Botnen og på Skilbreia, var ille plaga av "blåmenn" haustars tid. Dei romsterte i utselet, ruska i askelada og gøymde vekk både eit og hitt. Sokkar og tollekniv var vekke og øksa steinhoggen. Om dagen heldt dei seg i Straumsblåhammaren og i Hopsblåhammaren (to hamrar ikkje langt frå stølane). Ja, soleis vart fortalt, og det var kjent at den karen trudde på både blåmenn og hulder.

Stølinga tok slutt kring 1950. Snøen knekte ned fjøsane i Staumsbotnen i 1960-åra. Men husa som står att er viktig under jakt og fiske og for turar innover i botnen under breen.

Nokre fakta

Straume, gard nr. 28, Hyen sokn, hadde eitt bruk i 1890. Vi finn 16 personar på garden i 1865. Talet har auka til 25 i 1900.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 3, side 322. Sandane 1988.
Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999.
Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997.
Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997.
Sundt, Helge Arnljot: Hovudoppgave i geografi: Stølstun i Gloppen. 1941. Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940.
Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.

PERMANENT IDENTIFIKATOR