Kulturhistorisk leksikon

Varde (7)

  • Varden på Veten

    På fjellet Veten (566 m o.h.), på høgdedraget mellom Eidsfjorden og Hundvikfjorden i Nordfjord, bygde dei i 1910 ein stasleg minnevarde. Ved 80-årsmarkeringa i 1980 fortalde major Kåre I. Torheim soga om varden gjennom ein glimrande tale skriven av Sigurd B. Hundeide.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Eid
  • Rambervarden

    Rambera er nest høgste fjelltoppen i Vik, 1624 m.o.h. Fjellet ligg i austlege delen av Vik, mot Fresvikbreen. Rambervarden er eit vanleg turmål i Vik.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Vik
  • Utsiktsvarden i Å i Hyen

    I Vika, inst i Vågen, står eit utkikstårn, ein solid steinvarde bygd kring 1870. Like innafor, og lenger opp på land, står Notanaustet med Notabåten. Naustet er truleg bygt før 1850. Varden vart bygd for at fiskarane kunne sitje der og speide etter fisk som kom inn i den tronge Vika.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Gloppen
  • Steinar og vardar på Kjeringafjellet

    Frå Skarseggi, høgdedraget mellom Dalseteskard og Rypeskard, reiser fjellmassivet Kjeringafjellet - også kalla Leireggi - seg i nord. Godt synleg på lang lei står på austsida ein veldig stein som frå gamalt er kjend som Kjeringi. På høgaste punktet 1314 moh i nord står ein varde som i ruteinformasjonen til rennet/løpet Kjeringi Open også er kalla Kjeringi. Noko lenger aust står ein kring to meter høg "bautastein".

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Leikanger
  • Varden i Varddalen

    Varddalen heiter staden eit par-tre kilometer i sørvestleg retning frå Espesetstølen i Gaular. Det står ein varde der, på ein bergknatte like før dalen mot aust. Det passar godt å ta ein pause.

  • Skogavarden - Noteringar og historie

    "Fin tur, 7 timar frå Marifjøra. Strålende ver, kafferast på høgste top." Det skreiv ein fjelltravar i ei lita notisbok sommaren 1935. Han var på Asbjørnnosi, eit fjell på 1613 moh. mellom Jostedal og Veitastrondi. Seinare skreiv andre i same boka, og i nye bøker etter kvart som gamle vart utskrivne. Turbøkene frå Skogavarden på Asbjørnnosi er eit eige arkiv, trygt oppbevart i Fylkesarkivet.

  • Vetane i Lærdal

    Signalsystemet med å tenna bål for å varsle ufred, har røter langt attende i historia. Skriftelege kjelder fortel at det var i bruk på 900-talet. Systemet vart sist brukt under Napoleonskrigane. I Lærdal tyder nylege funn på at det har eksistert to eller tre vetesystem, eit for rask varsling, eit for lokalvarsling nede i dalen og kanskje eitt på Filefjell.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Lærdal