Kulturhistorisk leksikon

Naturformasjon (14)

  • Blåsteinskaret på Borsholmen

    Eit grønt blåsteinskar på ein liten holme i hamna på garden Borsholmen vitnar om travel sommarsesong på eit kystbruk i farne dagar.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Hyllestad
  • Kannesteinen - ein særmerkt steinformasjon

    Kannesteinen er ein særmerkt steinformasjon ved Kvalheimsvika på Vågsøy. Steinen som er av omdanna eklogitt står ved garden Nord-Oppedal og er ein av dei største turistattraksjonane i Vågsøy.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Vågsøy
  • Jutlamannen

    Jutlamannen er ein steinformasjon som står i fjellet rett opp for garden Hønjum på andre sida av dalen. Sett nedanfrå dalen, kan steinen ha ein menneskeleg profil. På 1700-talet sto det to slike steinsøyler ved sidan av kvarandre. Den eine har brotna og viser ikkje mot himmelen lengre. Steinen er knytt til ei av fleire St. Olav-segner her i dalen. Historiske kjelder gjev att segna i ulike variantar.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Lærdal
  • - Måtte alltid ofra til Gåsi

    Gåsi er namnet på ein figur i eit sva attmed den gamle stølsvegen frå Skahaug til Stokksete. Frå gamalt var det alltid slik at dei måtte ofra til Gåsi når dei gjekk forbi, helst skogsbær når det fanst. Skikken har halde seg heilt fram til vår tid. Enno stoggar ein og annan på vegen og "gjer te gåsi". Liknande "offerstader" finst fleire andre stader.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Leikanger
  • Dei største moreneryggane i Sogn og Fjordane

    Isbrear er effektive buldosarar. Når breane i slutten av siste istid, for omlag 11.700 år sidan gjorde ein større framstøyt skuva dei saman enorme moreneryggar på botnen av fleire av fjordane i fylket. Der breane låg ei stund avsette smeltevasselvar hundre meter tjukke lag av sand og grus som del av moreneryggane.

  • Det store elvetjuveriet i Nærøydalen

    Nærøydalselvi har ikkje alltid vore så stor som no. Gjennom dei siste istidene har ho stole fleire sideelvar som tidlegare rann mot Voss. På kartet kan vi finna det eldste vass-skilje mellom Sogn og Voss i fjellområda ovanfor Bakka i Nærøyfjorden. No er det flytta heilt til Haugsvik i austenden av Oppheimsvatnet. Spora etter tjuveriet er framleis godt synlege i terrenget, særleg i Voss kommune.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Aurland
  • Konglomerat til plage, nytte og pryd

    Isbreen nådde ikkje ut på dei aller ytste øyane i Solund. Til gjengjeld la han rikeleg att med konglomeratstein på øyane innover, til meins og til nytte for dei som slo seg ned her.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Solund
  • Skålgroper i berg ved Kjerringamyri

    På stølsvegen frå Eggjane mot Grindsdalen er der fleire gamle leivningar etter menneskeleg verksemd i utmarka; restar av stølshus og utmarksløer, ein stad der dei frå gammal tid måtte "ofra" ein stein, og på vestsida av Kjerringamyri ei samling skålgroper i berget. Arkeologane meiner at at gropene over 1000 år gamle.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Leikanger
  • Brurabenken i Håskaret grensestein og kvilestein

    I Håskaret ligg ein nær på 4 m lang stein som markerer grensa mellom både gardar og kommunar. Steinen kan òg ha gitt kvild til eit brurafylgje på veg til Holmedals-kyrkja.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Hyllestad
  • Portesteinen - naturleg portal mellom to gardar

    På grensa mellom gardane Porten og Storakeren ligg Portesteinen i eit skar i fjellet. Ferdsla over land mellom dei to gardane gjekk gjennom ei grind under steinen, - fram til 1960.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Hyllestad
  • Stølsstein og stølsklopp

    Nær riksvegen i Ønadalen finn vi to kulturminne som har vore til nytte og glede for folk gjennom generasjonar: Stølssteinen og steinkloppa over Salbu-elva.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Hyllestad
  • Krotingsberget ved Korshaugvatnet

    Midt i stien mot Hatleimsstølane på nordvestsida av Korshaugvatnet er det krota inn krossar, initialar og årstal i det blaute berget.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Hyllestad
  • Krøttersti og gropeforekomst i utmarka på Eide

    I ei felles utmark på nordsida av Åfjorden vart det i eldre tid bygd ein krøttersti oppetter langs Botna-elva. Øvst oppe i elvegjelet er eit krotingsberg eller kanskje ein såkalla gropeforekomst.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Hyllestad
  • Nårekista

    Nårekista er namnet på ein stein som ser ut som ei kiste med lok. Han ligg i vegkanten ved den gamle postvegen frå 1600-talet. Kista er "opna" og botnen delt i to. Namnet er frå norrøn tid og tyder likkiste.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Lærdal