Kulturhistorisk leksikon

Grensestein (5)

  • Stiftsstøtta på Filefjellet

    Vegen frå Bergen til Oslo over Lærdal og Filefjellet var gjennom mange hundre år den viktigaste vegen mellom Vestlandet og Austlandet. Fram til 1793 var dette berre ein rideveg. I 1793 kom ny veg som opna for ferdsle med slede om vinteren og kjerre om sommaren. Ved gamlevegen på grensa mellom Oppland og Sogn og Fjordane står ei marmorstøtte til minne om denne utbetringa.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Lærdal
  • Gåtefull merkestein i Førde i Jølster

    Det står ein temmeleg spesiell merkestein i skiljet mellom to gardsbruk i Førde i Jølster. På eine sida er det måla på gards- og bruksnummer og årstalet 1989. På andre sida er det rita inn liner og bokstavar og eit mykje eldre årstal. Ingen veit noko om steinen anna enn at ei gravemaskin fekk han i skufla under eit stort elvereguleringsarbeid i åra 1988-1989.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Jølster
  • Gamal grensestein mellom Sunnfjord og Nordfjord

    Tett attmed vegen ned mot Førde i sørenden av Breimsvatnet står ein kring to meter høg stein. Han blei reist i 1835 og markerte grensa mellom to futedøme (fogderi) og to prestegjeld. I 1964 vart grensene endra slik at steinen no i røynda er ein minnestein - om gamle grenser.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Jølster
  • Gamal kommune-grensestein ved Røneidberget

    Den 656 m lange tunnellen på vegen mellom Marifjøra og Gaupne vart bygd i åra 1974-1976. Gamlevegen langs sjøen på utsida er framleis open som fotsti. Her er litt av kvart å sjå og leggja merke til: - variert vegetasjon, bergarten, oppmuringar, ein kai av nyare dato, - og ein gamal grensestein.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Luster
  • Grensestein mellom Hyllestad og Fjaler

    På fylkesveg 57 mellom Skor i Hyllestad og Nautsund i Fjaler kommune står der ein grensestein kalla Hella. Steinen markerer grensa mellom Sogn og Sunnfjord, Hyllestad og Fjaler kommune, og dessutan mellom eigedommar i utmark.