Kulturhistorisk leksikon

Øy (3)

  • Utvær skipreide - forsvarsområde med leidangsskip og vetar

    Solundøyane ligg som sjølve dørhella for ferdsla over Nordsjøen, sentralt og strategisk, med gode hamner og mange gøymeplassar. Derfor vart øyane frå første stund ein viktig lekk i den forsvarskjeda kongemakta utvikla på kysten, til vern av landet.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Solund
  • Historiske Losna - på informasjons-skilt

    Øya Losna ligg lengst aust i Solund kommune, skild frå øya Sula ved Krakhellesundet og frå Hyllestad i aust ved Tollesundet. I 1946 budde det 53 menneske i 13 hus på Losna, dei fleste på området søraust på øya. I 2013 er det berre fastbuande i eitt hus, men i sommarhalvåret er det folksamt på Losna. Tiltaket Losna-ferie har lagt til rette for besøkande på fleire måtar, mellom anna ved informasjon om natur og historie langs bygdevegen mellom ferjekaia på Netteland i vest og den gamle båtstoppestaden i aust.

  • Losnariddarane - viktige brikker i rikssoga

    På 1300- og 1400-talet var Losna sete og utgangspunkt for ei av dei rikaste og mektigaste ættene i landet. Økonomisk sans, politisk teft og total lojalitet, opna vegen heilt til topps hjå kongemakta.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Solund