Kulturhistorisk leksikon

Matoppskrift (4)

  • Om klippfisk og tre matoppskrifter

    «Klippfisk – og Saltsildretter» er tittelen på ei brosjyre som dukka opp i «ymse trykksaker»; - berre åtte små sider, utgjeven av Fiskeridirektoratet og trykt i Handelstrykkeriet i Bergen. Det handlar om to heilnorske matemne, klippfisk og saltsild. Mykje truleg eit offentleg tiltak for næring og helse i mellomkrigstida 1918 – 1939. Her hentar vi ut noko om klippfisken i brosjyra og sper på med litt av same fisken anno 2013.

  • Haggis - innmatpølse med status i Skottland

    Eg har ei eksklusiv kokebok. Eksklusiv i så måte at ho handlar berre om ein rett, om haggis. Boka inneheld oppskrifter, historie og hyllingsdiktet "Address to the Haggis" av Robert Burns. I Skottland er haggis nærast å rekna for nasjonalrett. Haggis er laga av innmat. Bruk av innmat har lang tradisjon her til lands óg, men i motsetning til i Skottland, har eg inntrykk av at innmatpølsa nærast er komen bort i Noreg.

  • Kva åt folk med i Nordfjord før 1900?

    Pizza er ikkje gamal mattradisjon frå Nordfjord, sjølv om den i 2007 visst nok er noko av det vanlegaste vi et. Men måten vi ofte et ein «grandiosa» på går faktisk rett inn i gamal tradisjon. Det er nemleg ikkje noko nytt å ete med fingrane eller frå same fat.