Olav Haraldsson fall i slaget på Stiklestad 29. juli 1030. Eitt år seinare vart kongen gjort til helgen og seinare kjend som Olav den heilage. Etter kvart voks det fram ei omfattande Olav-dyrking. Kultusen kom mellom anna til uttrykk i forteljingar om merkelege hendingar (Olav-segner), Olavskjelder med lækjande vatn og skulpturar. Ein av dei best kjende Olav-skulpturane høyrde opphavleg heime i Fresvik.
I april år 1900 reiste Ole Johannsson Hovland til Amerika. Han hadde fire sysken. Hansine utvandra i 1903; dei tre andre i 1910. Alle var fødde på husmannsplassen Sutarvika. I 1954 sende dei pengar til eit minne om Marie Farsund Kvamme i Vadheim. Dei hadde hatt brevbyte med henne i årevis, og dei hadde sett stor pris på det.
Rebekkakrukke. Ordet finst ikkje i gjengse ordbøker og oppslagsverk. Men rebekkakrukker er reelle nok. I 1891 løyvde kommunestyret i Sogndal pengar til innkjøp av to "Rebækkakrukker" og i Jostedal står to rebekkakrukker bortsette i eit eldfast skåp.
Sokneprest Schøning sette på slutten av 1880-talet fram ønske om ny altertavle i Eid kyrkje. Sidan 1849 hadde ein enkel forgylt trekross vore alterpryd. Sommaren 1892 var dagens altertavle på plass i kyrkja.
Mange har vorte interessert i altertavla i Førde kyrkje nå dei har sett henne. Ho er eineståande, rik i motiva, fin i skjeringa og etter alderen vel ivareteken i stafferinga. Tavla, som er frå 1643, vart gitt som gåve til kyrkja av presten Peder J. Finde og kona, Barbara Nitter.
På garden Tjønn i Feios har dei ein spesiell lysestake. Han skal ha vore brukt i den gamle kyrkja som vart riven i 1866, og så etterpå vorte selt på auksjon, kanskje både ein og to gonger. Synneva Tjønn (1889-1976) sa alltid: ”Eg og Esa kjøpte kvar sin”. Magnar Tjønn (fødd 1943) fortel at staken har vore på garden så lenge dei kan hugsa.
I 1910 vart det bestemt at Norum kyrkje skulle få ny altertavle. Eit stort innramma måleri med motivet "Jesus velsignar læresveinane før himmelfarten" kom på plass i 1911. I 1964 vart altertavla teken ned og måleriet plassert ein annan stad i kyrkja. Me kjenner ikkje til kvifor det kom ny altertavle i 1911.
"Det er eit sjeldant kunstverk, og me er kunstnaren Dagfin Werenskiold stor takk skuldig", sa soknprest Jon Johnson då altartavla - eit kunstverk i treskurd og måling - vart vigsla i påskehelga 1932. Men fire andre personar hadde óg gjort seg fortente til takk: presten Johnson hadde skore ut tavla etter original av Werenskiold, og han og kona Alhed hadde måla ramma som Rasmus S. Kirkhorn hadde vore meister for. Dessutan hadde Steffen Hatlelid skrive ein salme til kunstverket til vigslingsdagen.