Kulturhistorisk leksikon

Gravferd (1)

  • Gravferd i Bygstad 1903

    I 1901 kom engelskmannen Charles Thomas-Stanford til Bygstad for å fiska laks. Seinare kom han årvisst. Kona hans Ellen Thomas-Stanford var og med. Ho fotograferte. Begge hadde opne auge for staden dei oppheldt seg, og begge formidla noko av inntrykka sine. Ho laga fotoalbum, han skreiv bok. Eit kapittel i boka handlar om gamle Lars som døydde sommaren 1903. Thomas-Stanford fortel detaljert om gravferda.