Bygda Refvika ligg mellom Refviksanden i nordvest og Refvikvatnet i søraust. Fram til 1872 budde alle folka på garden i same tunet, og husa stod tett i tett. Den dagen braut det ut brann, og i løpet av fire timar var 46 hus jamna med jorda og 113 menneske huslause. Ein storstila hjelpeaksjon vart sett i verk, og bygda kom seg snøgt på føtene att. I Refvika ligg òg Refviksanden som Dagbladet i 1988 kåra til den flottaste badestranda i landet.
Det har vore to store brannar på Vikøyri, det var i 1838 og 1922. Brannen 16. juni 1838 var den verste.
Tysdag den 18. juli 1911 kl. 11.00 om føremiddagen braut det ut brann i ein snikkarverkstad i Balestrand sentrum. Verkstaden høyrde til Hans Thue og Bjørn Sande. Verkstaden brann ned til grunnen. Keisar Wilhelm var i Balestrand på denne tid og han hjelpte til med sløkkinga.
Siste storbrannen på Vikøyri fann stad 20. januar 1922, då 39 hus strauk med.
På kyrkjegarden i Berle står ein minnestein over seks menneske som omkom då eit våningshus på Midtbø brann ned til grunnen i 1922. På steinen står namna på ein bestefar, to foreldre og 3 born.