Garden Alvera ligg ved Sognefjorden nokre kilometer innanfor Lavik. Her trur ein at nokre av dei fyrste som slo seg ned Sognefjorden skal ha busett seg. Alvera har vore krongods og seinare futegard. I 1889 var det slutt på tida som embetsmannsgard. I dag er det mellom anna eit misjonssenter her.
Den engelske kunstnaren Alfred Heaton Cooper kom til Balestrand første gongen i 1891. Møtet med Matilde Marie Valentinsen og interessa for norsk landskap og kultur førte han stadig attende til bygda, der han kom til å setja opp eit svært norsk hus.
Midt i Balestrand sentrum står det eit gamal stove. Folk i bygda kallar ho Fargarstova. Ein del av huset er ei gamal kårstove frå garden Ese. Ho vart flytt hit kring 1877-1878. Det var fargar Rasmus Valentinsen frå Bergen som slo seg ned her i ei tid då aukande turisme tok til å prega Balestrand.
Pastorhuset på Esestrondi er prega av norrøn mystikk. Huset er teikna av Emma Normann Pastor. Ho var dotter til den kjende kunstnaren Adelsteen Normann og gift med Willy Pastor - ein sentral tysk kulturskribent
Når den tyske keisaren var i Balestrand, hadde han med seg fotografen Carl Tietz frå Berlin. Tietz fann seg godt til rettes i Balestrand, og bygde seg villa i drakestil nett slik andre hadde gjort.
Eilert Adelsteen Normann (1848-1918) skulle verta handelsmann som faren, men hamna i staden i Düsseldorf som kunstmålar. Han vart buande i Tyskland heile sitt liv. I 1890 kjøpte Normann seg tomt i Balestrand og sette opp det første drakestilhuset i bygda.
Gertrude Abbott (1866 - 1951) var frå Philadelphia i USA. Då ho kom til Noreg og Balestrand tapte ho hjarta sitt til bygda. Her var ho kvar sommar fram til 2. verdskrigen. Ho døydde i heimen sin i Philadelphia.
Kring ein kilometer frå Balestrand sentrum mot Kvamsøy ligg ein staseleg bygning på nedsida av riksvegen. Dette er den gamle futebustaden som vart etablert av ein dansk fut i 1790-åra. Her budde futen i ytre Sogn fogderi i kring 100 år. I vårt århundre har det vore rikmannsbustad, hotell, sommarbustad, ungdomskule og asylmottak. I dag driv ein huslyd dette som pensjonat og selskapslokale. Dei har teke vare på bygningen sin stil og eigenart.
Villa Lorna er den einaste av sveitservillaene i Balestrand som ligg på oppsida av bygdevegen. Men vegen til fjorden er kort, og utsynet mot Sognefjorden er kanskje på sitt aller vakraste nett her. Det var ein engelsk ingeniør, James Livesey, som bygde Villa Lorna. Han hadde reist kring i verda og bygd jernbaner. 74 år gamal slo han seg ned i Balestrand sommarstid.
Garden Sande ligg kring to kilometer vest for Balestrand sentrum. Frå 1700-talet og like fram til i dag har det budd folk her som hadde utkoma si utanom jordbruket. Her var det kort avstand til sentrum, og garden ligg uvanleg vakkert til ved Sognefjorden.
Kring 1915 bygde ekteparet Johan og Alma Fahlstrøm seg sommarhus i Balestrand. Dei dreiv eige teater i Oslo og Fahlstrøm var ein av dei store skodespelarane i si tid. Dei hadde ein son som omkom då Titanic gjekk ned. Kvar sommar etterpå stod det ein figur på ein stein nær bygdevegen til minne om han.
Fylkesmannsgarden på Nybø er ein av tre eldre embetsmannsgardar i Leikanger. Kommunen overtok Fylkesmannsgarden i 1974. Eigedommen omfattar sju bygningar; hovudbygningen og fire små hus tett attmed, eit turkehus og eit naust lenger ute. På 1980-talet var det planar om å gjera Fylkesmannsgarden om til eit kulturtun for Leikanger-bygda. Det vart det ikkje noko av. I dag held Nybø barnehage til i den gamle Fylkesmannsgarden.
Leikanger har fleire eldre bygningar knytta til offentleg styre og stell. Bygningane ligg på rekkje og rad langs strondi, rekna frå Hanahaug og innover: Prestegarden, Klokkargarden (kyrkjelydshus), Tinghuset frå 1939, Sorenskrivargarden og Fylkesmannsgarden. Nyare hus er Tinghus I og II, Statens Hus (attmed Skrivareiki), Fylkeshuset, Vegvesenet sitt hus, og endå eit nytt statens hus. Dei tre siste ligg på Hermansverk. Dette stykket handlar om Sorenskrivargarden.
Det staselege kvite huset nedanfor kyrkja i Eivindvik vert kalla Herresalen og var bustadhuset til "Eivindvigens anden skaber", prost Niels Griis Alstrup Dahl (1778 - 1852).
Den svenske forfattaren Gøsta af Geijerstam kjøpte i 1920-åra småbruket Storevik på Øyna, og han og familien nytta bruket som feriestad. Han skreiv fleire bøker med skildringar frå Storevik.
På Lunde i Feios er det eit stovehus som er bygt av stein. Det er einaste stovehuset av stein som finst i Vik kommune.
I bakkane ovanfor butikken i Osen i Feios står det ei gamal stove som vert kalla Astridstova. I denne stova har det budd folk som vart kalla strandsitjarar.
Løytnantstova ligg på garden Fedje i Feios. Dette er eit stovehus frå fyrste halvdel av 1700-talet.
Øen-huset er eit toetasjes våningshus i sveitsarstil som ligg like ved riksveg 13 i Flatbygdi i Vik. Huset har fått namnet etter lensmann Anfin Øen (1868-1928) som budde i huset.
Borgstova er eit restaurert hus på Sjøtun i Vik som vert nytta til kulturarrangement, møte og ymse slag tilstellingar. Huset frå 1864 er det eine av to hus som står att frå den gamle offisersgarden.
Kirkevollen er eit av dei to freda embetsmannshusa i Førde - Futegarden på Bruland er det andre, og ligg vakkert til ved Løken med kyrkja i ryggen. Det staslege huset har ei uklår fortid, men vart kanskje bygd på Svanøy sist på 1700-talet.
Garden Dombestein ligg på sørsida av Nordfjorden mellom Davik og Isane i Davik prestegjeld. Fornfunn syner at her har budd folk svært langt attende i tida. I 1850-åra vart garden gjort til eit sentrum i dåverande Davik kommune med både handel og gjestgiveri, post og dampskipsstoppestad. I våre dagar står Wiesehuset att og minner om kva posisjon Dombestein i si tid hadde.
Steinstova på Reiakvam er frå gammal tid og bygd av stein, og er ikkje heilt vanleg. Ho er dessutan den einaste steinstova vi veit om i Naustdal, og den einaste steinbygning frå eldre tid som står i eit gardstun.
Det er enno nokre att av dei gamle sperrestovene. På garden Jonstad i Naustdal har vi ei av dei, bygd kring 1890.
Litt opp frå Olden sentrum ligg ein staseleg bygning. Dette er Singerheimen. Her budde det amerikanske ekteparet William og Anna Singer. Singer var arving til ei stor stålformue, men valde kunsten framfor forretninga. Singer var både kunstmålar og ein kunnskapsrik kunstsamlar. Han gav midlar til gode føremål i Olden og i Nordfjord. Særleg er han kjend for stønad til vegen mellom Olden og Innvik. Begge er gravlagde ved Singerheimen.
I 1911 reiv dei den vel 150 år gamle prestegarden (prestebustaden) på Leikanger. Materialane blei sendt austover til Kristiania, første delen av vegen med båt til Bergen og vidare med tog. Huset blei så bygt opp att på Norsk Folkemuseum og utstyrt med inventar frå familien Thaulow.
Kyrkjelydshuset Klokkargarden i Leikanger står ved riksvegen rett opp frå kyrkja. Huset vart opphavleg bygd som kombinert bustad og skulehus. Då det på 1980-talet vart ståande tomt, meinte somme at ein her kunne få eit godt og tenleg kyrkjelydshus. Andre ville riva, og heller byggja nytt.