Kulturhistorisk leksikon

Administrasjonsbygning (4)

  • Tinghus I på Leikanger - nytt i 1939

    "Tinghuse" er det folkelege namnet på den gule bygningen med postadresse Skrivarvegen 7 like nedom riksvegen midt mellom Hanahaug og Hermansverk. Pr. juni 2005 var alle kontorfolka i Tinghuset kommunalt tilsette. I 1939 derimot, då huset stod ferdig, var det nesten ingen kommunale tenestemenn. Tinghuset var meir eit statshus og fylkeshus enn eit kommunehus.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Leikanger
  • Tingstova i Lavik

    I 1956 skreiv Anders Skåsheim om Tingstova i Lavik. Ho fanst ikkje lenger, men fleire personar hadde gitt han opplysningar slik at Skåsheim kunne laga ei skriftleg framstilling. Informantane hans var gamle folk. Skåsheim samla historiske opplysningar og sikra dei for ettertida. Takka vere Skåsheim veit me noko om den gamle tingstova i Lavik.

  • Tingstova i Klevald

    Klevald (også skrive Klævold, Klevoll) er namnet på garden på austsida av innløpet til Vadheimsfjorden. Klevald var i eldre tid ein sentral stad i den lokale administrasjonen. Namnet førekjem som som namn på skipreide og tinglag, kyrkjesokn og kommune. At det stod ei tingstove på Klevald, er også eit vitnemål om ein viktig møtestad.

  • Sogn og Fjordane fylke - det første ”Statens Hus”

    Våren 2005 flytte Fylkesmannen i Sogn og Fjordane i det nybygde Statens Hus på Hermansverk. I åra 1939-2007 heldt fylkesmannen til i kommunen sine tinghus attmed kyrkja og andre stader, og før 1939 var fylkesadministrasjonen i eit av husa i den gamle Fylkesmannsgarden.