Ein dag i oktober 1963 kunne folk sjå ein farkost i Esefjorden ingen hadde sett maken til, i alle høve ikkje i Esefjorden: ein tidlegare militær landgangsbåt, no eit spesialfartøy for kraftlinebyggjing. Båten heitte «Vestkraft» og tilhøyrde då Norges vassdrags- og elektrisitetsvesen (NVE). Ved hjelp av «Vestkraft» kom det første kraftspennet over Esefjorden på plass. Arbeidet tok 9 dagar. Avisa Sogn og Fjordane hadde førstsideoppslag om hendinga.
Gåsemyrkiosken, ein transformatorstasjon frå 1918, står i bakken bak Sandane hotell, tidlegare Firdaheimen. Bygningen er - sett frå avstand - både firkanta og grå. Men går ein nærare, vil ein sjå at huset har kvalitetar og detaljar som ein ikkje oppdagar med ein gong.
Sognefjordspennet er namnet på fire høgspentkablar som kryssar Sognefjorden like aust for Hermansverk. I låg kveldssol er dei svære kabelbogane godt synlege. På begge sidene lyser markeringslys når det er mørkt, og det står varselsflakar rett under spennet på kvar side av fjorden. I mange år var Sognefjordspennet til Sognekraft A/S det lengste i verda.